05 september 2009

Rask update

Ja, no er eg altså i Australia.
For øyeblikket på eit motel i Goondiwindi,
i morgon skal vi til Bourke, ein liten by 12 timar frå Brisbane.
Der skal vi blant anna bu med familiar, besøke forskjellige fasilitetar i byen, fotturar osv. Blir spanande det, gler meg!

Har ikkje hatt så mykje tilgang til nett sidan vi kom hit,
så derfor ingen update før no.
Men alt er bra, sol stort sett kvar dag og 20-25 grader.

Endelig ferdig med jetlag. Off, det var slitsomt.
På tirsdag landa vi i Australia i 7 tida om morgonen,
for rett til hotellet, dusja og la oss i 10 tida.
Hadde planar om å sove berre nokre timar,
men det gikk ikkje. Eg sto opp i 15.30 tida mens dei andre roomiane mine sto opp i 17 tida, og då var det allereide mørkt ute.
Vi la oss igjen ca 00.00, men det blei ikkje mykje søvn.
Vi åt frokost i 7 tida dagen etter. Ellers var vi trøtte og slitne
resten av veka, men i dag er vi nok back to business,
sjølv om vi sto opp 04.30 i dag, vi skulle møte opp kl 06.00!
Menmen, er faktisk ikkje trøtt no.. og no er klokka 18.30.

Såg for første gong ville kengurar i dag! Men såg faktisk fleire
døde kengurar.. masse road kills langs veiane..

Men no må eg gjer meg klar til kvelden.
Alle skal ein tur på den lokale puben, så det blir sikkert kjekt :)

Hei så lenge!

3 kommentarer:

Ingelin sa...

Du såg vill levande kenguru første veka, ej såg ikkje på et halvt år... hehe. Det høres kjekt ut. Goondiwindi he ej forøvrig aldri hørt om, kul plass? Kos dej masse :D

tjommii sa...

det synst ej va merkelig!
Men var du inn i bushen då?
hehe, goondiwindi e en liten by longt inn i bushen, men vekje om den e so kul akkurat..hekje ej fått inntrykk av :p
I will, you too!

Malin sa...

Kjekt å lese, du må oppdatere ofte :)
Kos dej masse!

Legg inn en kommentar