No er det kun ei veke til eg forlet mitt kjære fedreland.
Det er rart, trur ikkje heilt det har gått opp for meg endå.
Sidan eg søkte i mars og fekk vite at eg kom med har ting gått
slag i slag og eg veit ikkje kar tida har blitt av.
Månadane har berre rast forbi, med skule og masse jobbing.
No når det er berre ei veke igjen til eg fær, er det litt rart og veldig spanande at eg skal reise heilt til andre sida av jorda, down under.
Det er SÅ langt heimafrå. Eg har aldri reist så langt før.
Det lengste eg har reist var når eg var i Kina med fhs <3.
Då tok det ca 10 timar frå Stockholm til Beijing, det gikk heilt fint!
Men då reiste vi på kvelden og kom til Kina når det var morgon,
og då hadde jo flesteparten sove ein del på flyet.
Denne gongen blir det nok litt annleis, då vi skal fly i 13 tima
for å komme til Singapore også skal vi på eit nytt fly der vi skal tilbringe dei neste 7 timane til Brisbane.
Trur nok det kan bli ei utfordring i dagane etter (JET LAG!).
Menmen, overlev nok :)
No skal eg nyte mi siste veke i Norge med mine ønskje-middagar (ja, eg får bestemme kva vi skal ha til middag denne veka), dyra/familie, norsk natur og bli ferdig med alt eg skal gjere,
og ikkje minst
FINNE UT KVA EG SKAL SKRIVE OM?!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar