10 april 2009

God påske!

No er det ei stund sidan sist eg blogga, sjølv om eg har påskeferie.
Sjølv om det er ferie har eg jobba ein del. Ellers har eg våre ute når sola kikar fram bak skyene og gått på turar. Men det som har opptatt tida mi aller mest er nok nintendo64(!). Mamma las ein artikkel på nettet om at “Tv-spillenes gullalder er tilbake”.
Då kom ho plutseleg på at vi hadde jo 2 konsollar enno.

Mamma synst det var så gøy å ta den første “silebana” i Mario-spelet på n64. Så ho leita den fram og resten er historie. Eg og systra mi har spelt kvar dag, vi har no 26 stjerne. Men vi er ikkje så god at vi finn ut korleis vi tek stjernene sjølv, så vi har funne ei jukseside, som fortel oss korleis vi kan få tak i alle stjerne. Eg trur mamma angra litt på at ho fant det fram faktisk, for vi sitt å hyler når det er vanskelege baner, det skjer “skumle” ting og vi dør.
Eg som hadde planar om å få lest masse pensum i påskeferien, har desverre berre lest 5. sider, JAJA! Kjekt er det i alle fall :)

 image

 

image

Ellers skal eg på tapaskveld med jentene i kveld, og det blir sikkert kjekt, gler meg til mat, prat og kos :)
Ha ein fin langfredag!

1 kommentar:

Malin sa...

Åå, kor du kosa dej :)
Elska gamle tv-spel. Ha det kjekt i påska, og kos dej med tapasen i kveld! Klem frå Dublin

Legg inn en kommentar