21 april 2009

Ein månad igjen..

No var det ei stund sidan eg har oppdatert bloggen ja, men det har sin grunnar. Forge veke var nemleg eg og klassa mi
(informasjon og media) på bedriftsbesøk i Oslo, for å sjå korleis forskjellige bedrifter jobbar med informasjonsarbeid.
Vi besøkte Her og Nå, Burson Marsteller (eit av verdas største PR og kommunikasjonsbyrå), Flyktninghjelpen, Oslo kommune, Norges Fotballforbund og Telenor.
Det var faktisk ganske intressant og lærerikt.
Elles blei det litt shopping, gåing, utepils (og innepils), sosialisering, mat, sol og elles alt ein driv med.
Godt å komme heimatt var det i alle fall! Sheila vart kjempeglad :)

IMG_4374

Men no er det kun 1. månad igjen til første eksamen!
Og eg begynn å bli stressa, då eg eigentleg ikkje har lest noko om medievitenskap, til tross for alt pensumet.
Eg skreiv i eit innlegg i januar om at dette semesteret skulle eg vere flink å starte å lese tidleg på pensumet. Dette har då ikkje skjedd fordi eg er lat, ikkje likar å lese og finn alltids andre ting å gjer på enn det eg gjer. Så no må eg berre ta meg sjølv i nakken og piske meg sjølv til å lese! Det er veldig lett å sei, men å gjer det er ei heilt anna sak..

Så no framover blir det nok å gjer, skulle ønske tida ikkje gikk så fort, at helgene var lengre og dagane av og til hadde fleire timar..

2 kommentarer:

Malin sa...

Herlig bilde av vovven :)
Skal bli so deilig å bli ferdig med alt skulemas og tjas.

tjommii sa...

<3
jaaa, gler mej!!

Legg inn en kommentar