Når vi var i Bourke, i outbacken.
Var det BBQ siste kvelden, på Kidman Camp der vi budde
(faktisk bestefaren til Nicole Kidman som starta campen).
Det var kjempekoslig. Det var masse gjestar frå campen (gamlingar med campingvogn), nokre lokale og vi studentane.
Maten var kjemegod! Og etterpå fekk vi faktisk SVELER!
Dei kalte ikkje det det så klart, men det smakte veldig likt!
Nydelig godt, trur eg åt 5-6 stk :p
(Mamma, eg vil ha sveler til jul!)
Inn i mellom var det dikt og songar. Fascinerande at ein kan lære seg så lange dikt, trur det var eit som var på 15-16 vers!
Eg synst det var dritkult å få vere med på noko sant,
storkosa meg gjor eg!
Så kom det ei artig dame å song:
Det er til og med bevegelsar til denne :p
Haha, du får den på hjerna..eller hur?
Dagen før hadde vi avslutningsfest med familiane folk hadde budde med og familien til dei som ikkje hadde familiar (foreldrelause), eg var ein av dei. Anyroad, då song dei Australias nasjonalsong til oss. Vi he den også på hjerna vi :p
Familiane + ordføraren song til oss
Haha, kva synst du?
Kva nynnar du på for tida?
Har du tips til noko anna eg kan nynne på?:p
See ya!
2 kommentarer:
Ja selfølgelig ska du få svele snuppa , men ej tippa mine e bedre haha ,fin blogg: ) Klem mamma
hehe, sikkert :)
Legg inn en kommentar