21 oktober 2009

The Royal Flying Doctor Service of Australia

Mens vi er her nede må vi selvfølgjeleg
skrive oppgåver, uheldigvis, ei stor og ei lita.
Den lille var på 2000 ord og den store er på 8000 ord(!).
Den lille var ei gitt oppgåve, mens den store fekk vi velgje sjølv.

Eg har våre opp og ned, fram og tilbake og hit og dit
med å finne ut kva eg skulle skrive om, det var ikkje så lett.
Men plutseleg når vi var i Bourke (outbacken, 12 timar med bil frå Brisbane), kom roomien min Ellen med eit forslag om å skrive om The Royal Flying Doctor Service of Australia (RFDS).
Og sidan eg visste veeeldig lite om det synt eg det ville vere spanande å skrive om, så sånn var det med den saken.

image 
Eg hadde aldri hørt om RFDS før vi fekk ei lita innføring om Australia, når vi hadde nokre timar i Norge, har du hørt om det?

Det er altså flygande pilotar, doktorar, sjukepleiarar og
andre helsepersonell som flyg ut og hjelp dei som ikkje har eit legesenter/sjukehus osv der dei bur.
Australia er nemleg det 6. største landet i verda,
med sine 7,7 millionar kvadrat kilometer(!).
85% av befolkninga bur innen 100 kilometer frå kysten,
mens resten bur på øde plassar i outbacken.

Veldig mange plassar har dei hverken legesenter eller sjukehus,
då må dei ofte kjøyre fleire 100 eller 1000 kilometer for å komme til det nærmaste. Og om dei då er veldig sjuke eller skada,
kan det ofte vere forseint.

Men sidan RFDS finst, er det berre å slå på tråden,
enten hjelp dei over tlf, spørst kor alvorleg det er,
eller så kjem dei og hentar pasientane og
flyg dei til eit sjukehus om dei treng det.
Dei har også mange klinikkar i outback som
dei besøker regelmessig for helsesjekkar osv.
Fantastisk, ka?:)

image

image

Var litt rart å skrive om det på norsk,
er heilt inn i det på engelsk no.
Men håper dykk forstår kva det dreier seg om?
Eg synst i alle fall det er eit spanande prosjekt,
sjølv om det går litt trått om dagen,
har ikkje heilt bestemt meg for problemstillinga enda,
men eg nærmar meg!
Har for øyeblikket 2807 ord!

Hei, Liv Torill og tante Erna! Kjekt at dokke fylle med ;)

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei ser ut som et interesant tema ,stå på Iselin ! Klem Mamma ,Sheila og Anne Kari ;)

Legg inn en kommentar