28 september 2009

Litt om Australia

Før eg kom til Australia trudde eg sjølvsagt at ting var sånn og sånn her, og eg har lært litt! 

Dyr:
Til dømes trudde eg det var MASSE edderkoppar overalt.
Det stemmer ikkje! Sidan vi kom hit for snart 4 veker sidan,
har eg enno ikkje sett ein edderkopp verdt å nemne!
Eg trur kanskje eg har sett 3-4 “vanlige” edderkoppar.
Til og med ut i bushen såg eg ingen. And I like it.
Men har faktisk litt lyst til å sjå ein stor, i alle fall på avstand :p

image
Har ikkje sett ein sånn (endå – bank i bordet!).


Eg trudde også det var masse slangar.
Når vi var ut i bushen, i Bourke, såg vi ein på vegen når vi kjørte.
Den var faktisk ganske stor og tjukk, i tillegg dødleg.
Rett etter det skulle vi ut å gå i terrenget,
det var  "beaware of snakes” skilt OVERALT.
Meeeeeeeen… Såg INGEN! And I’m glad :)

image
Var ca ein sånn vi såg på vegen..


Før vi fór hørte vi også at Australia hadde eit STORT kenguru-problem. Veit ikkje heilt kva det problemet gjekk ut på,
men trur det var noko om at det var så mange av dei.
Eg trudde dei var OVERALT i bushen og at dei kanskje
åt masse av åkrane til folk.
Vi var i bushen i ei veke, vi såg ikkje så mange kenguruar som eg hadde trudde vi skulle få sjå, men dei vi såg hoppa fort fekk når vi nærma oss med bilen. Eg såg meir døde kengururar enn levande!
Det var vel det som var det store problemet. Om kvelden/natta når det er mørkt, hoppar dei svært ofte ut i veien slik at dei blir påkjørt. Langs vegane ligg det kleistra påkjørte
kengururar overalt, eit trist syn..

image 
I love kenguru’s :)


I Bourke sto veldig mange hundar bak på “lasteplanet” til
pick-up’ane. Synts det var litt rart, og synd i hundane.
Sjølv om dei er godt festa, er det jo sikkert ikkje så lett å stå bak i der i fart i tillegg til at det er veldig varmt. Trudde det berre var ein “bush-ting”, men eg har faktisk sett det her i storbyen Brisbane også. Synst synd i dei eg, kvifor for dei ikkje sitte inne i bilen, med aircondition på? Dei er sikkert vandt til varmen,
men uansett..


Australia har dei kulaste fuglane!
Vanskelig å beskrive, må opplevast.
Dei ser kule ut og lagar kule lydar, love it :)

image image
Kookaburra og Ibis.


TV:
Det er reklamer HEILE tida. Inn i mellom alle tv-program og seriar er det kanskje 5-6 reklamer på ein “tv-time”. På filmar er det enda verre, det er verre enn Tv3 faktisk. I tillegg reklamene
ganske dårlig, så vi er ganske heldig i Norge med tanke på reklamene..hehe, “bra” ting å vere heldig med liksom :p

I Norge er veldig mange fan av “Home and Away”,
og Australia har blitt litt kjent berre pga. det.
Men her virkar det som om veldig mange mislikar serien sterkt.
Veit ikkje kvifor, “it’s a soapy” sa en lærar.
Sjølv fyll eg eigentleg ikkje med, men ser det visst eg “må”,
so I really don’t care.


Feil veg:
I tillegg til at dei kjøyrer på feil side av vegen/sitt på feil side,
står dei også på feil side i rulletrappa. Så visst du vil stå i rulletrappa må du stå på venstre side, og visst du vil gå er det på høgre side. Lysbrytarane er også feil veg.

image


Diverse:
Heime i Norge køddar vi alltid med svenskane,
her køddar dei med New Zealand.

Veldig mange australiarar er overvektig, og vi har forstår kvifor.
Junk/fast food overalt – McDonalds, KFC, Hungry Jack’s osv.
Loff, rolls og “kvitt” brød – eg savnar Eurospar brøda!

image image image

Det var det for no, kjem sikkert med meir seinare.
Spør gjerne om du lurer på noko meir “rart”.

See ya!

2 kommentarer:

Malin sa...

Ropa dei i alle reklamene? Det he ej hørt. Haha, det må være travelt.
Stygg slange btw, håpe ikkje du treffe på fleire slike!

Caroline sa...

cool! kan ikkje du legge ut bilde av leiligheta og sant?

Legg inn en kommentar