20 september 2009

First week & weekEND in Brissie

It’s been a long and exhausting week, but we made it!

 
Picture0003 Picture0004
                                                          N.E.R.D.

Sist søndag kom vi tilbake til sivilisasjonen etter ei veke i bushen.
Deilig å endelig få ein fast plass å bu etter mykje reising i 2 veker.
Alle vi 30 studentane bur faktisk på samme plass, tilfeldig?
Egentlig ikkje, tort sett salle har blitt anbefalt
Kangaroo Point Holiday Appartments av skulen
og tidligare studentar, men kjekt at alle er samla i staden for å vere spredt ut over heile byen.

Mandag:  for eg og Ellen på skulen tidlig for å gjere litt research og begynne på “minor assignement”. Meeeen sidan vi ikkje har hatt så mykje tilgang til internett sidan vi kom til Australia,
hadde vi LITT å ta igjen kan du sei. Så i staden for å jobbe i 3 timar blei det facebook, nyheiter, litt research og Muse.

Likar dei nye Muse songane sjølv om det er litt annleis frå dei andre albuma, gjer du?

Etter “skule” tok ein av lærarene oss og ein gjeng på ein fotobutikk.
Folk ville kjøpe seg kamera og kamera utstyr. Vi tilbringte nokre timar der og la igjen EIN DEL tusen i kassa.
Men vi fikk discount alle sammen, så dei blei endå billigare enn om ein hadde handla i Norge.
Eg kjøpte meg ei nye linse som eg kan bruke til det meste.
18-200 mm image stabilizer, j**** dyr så satsa på den er DRITBRA!

Tirsdag: var vi jentene (Susanne, Ellen og Maria – my roomates) på city beachen. City beach er ei fake strand som ligg på campus.
Der låg vi nokre timar å sola oss før vi stakk på skule og lærte litt om Brisbane si historie. Seinare gjekk eg og Maria på biblioteket for å “bestille” oss bøker til oppgåvene vi skal skrive.

På ”Minor assignment” skal eg skrive om multikulturisme i Australia. Ganske grei oppgåve egentlig, utrulig mange ulike kulturar her nede, så satsar på den går bra..må berre komme i gang! Er ikkje alltid like lett, men satsar på å starte
i morgon eller tirsdag.

På “Major assignment” skal eg skrive om
“The Royal Flying Doctor Service in Australia”. 
Sidan Australia er eit så gigantisk land, er det ofte langt til neste nabo, by og sjukehus. Derfor kan RFDS flyge ut til øde plassar å hjelpe folk som har behov for det.
Ganske spennande synst eg, men trur den oppgåva blir ganske mykje vanskelegare (= 8000 ord!).
Eg veit ikkje endå KVA eg faktisk vil finne ut og skrive om,
kva som eigentleg er intressant osv.
Kva vil du finne ut eller vite om RFDS?

Onsdag: tok vi og ein gjeng turen til The Gold Coast, nærmare bestemt til Burleigh, for å surfe. Det var mange som aldri hadde surfa før, så dei tok eit surfekurs med ein superkjent surfar som heitte Michael “Munga” Berry. Aldri hørt om, har du?
Var visst kjent for å ha surfa ei DRITHØG bølge på Hawaii :p

Eg tok eit surfekurs når eg gjekk på Jæren Folkehøgskule for 2 år sidan, så eg “kunne” jo litt :p Men eg surfa ikkje så mykje den dagen, var så mykje folk i vatnet og sterk strøm så eg sola meg heller og tek igjen surfinga ein annan dag ;)
Men det var ein fin dag med heite “surfer dudes”,  sand og sol :)

Torsdag: var vi på skule og lærte om Australsk sport og musikk.
Rett etter skule stakk vi heime og heiv frå oss ting og for til byen.
Gjennom heile Brisbane strekk det seg ei lang elv, så i staden for å gå over brua tok vi city ferry til Queen Street, som er den store shopping gata. Koslig lita ferge, med fin utsikt mot skyskraparar og elva. Blei litt shopping ja og alle var blide og fornøgde.
Skal vise fram kva eg har kjøpt i eit anna innlegg,
så fortsett og følg med ;)

Fredag: var heile gjengen på whale watching! Vi tok Tangalooma Jet (store båt med sånn hål under, kva er greia med det eigentleg? kult i alle fall!) til Moreton Bay, for så å sette nasa
mot det åpne hav.
Mange blei sjøsjuk, så mannskapet hadde ein del å gjer
for å sei det sann :p
Det tok ikkje lang tid frå vi kom ut på det åpne hav, før vi såg ein finne og “luftblåsing” på havoverflata. Alle var sjølvsagt ivrig med kamera, og knipsa til tusen. Fantastiske dyr, eg er fascinert!
Det beste var når dei begynnte å hoppe! Utruleg at dissa store dyra (som kan bli opptil 15 meter og 45 tonn!!!) klare å hoppe høgt opp i lufta. Fekk nokre kule bilder :)

Tilbake i Moreton Bay hadde vi ein liten halvtime til å ligge på strand og bade før båten gjekk tilbake til Brisbane.
På kvelden åt vi kenguru taco(!) som faktisk var ganske godt :p
Seinare blei det vin og uno, og fest på rom 40 som fekk 5 klage på ein halvtime(!). Så då stakk folk ut på byen mens eg, Maria og Ellen gjekk og la oss, laurdag skulle vi ut.

Laurdag: sov vi lenge og brukte laang tid på gjer oss klar, før vi nok ein gong for på shopping i byen. Maria måtte ha ein kjole til kvelden :p
Vi klarte å legge igjen litt pengar denne gongen også gitt.
Eg MÅTTE ha shampoo, balsam og kur. Håret mitt er heilt grusomt her nede, fett dagen etter at eg har vaska det liksom.
Så eg fekk god hjelp på  hårbutikken til å finne noko som passar til håret mitt (forhåpentligvis). Eg kjøpte skikkelig shampoo, balsam og kur til 80 dollar eller 424 i norske kroner. I Norge måtte eg sannsynlegvis ha betalt opp i mot 7-8-9oo kr kan eg tenkje meg.
Sjuk prisforskjell! Så eg håpar at det funkar :)

På kvelden fiksa alle seg før vi for på forspel på rom 23.
Jentefors er gøy! Når klokka nærma seg 00.30 samla vi oss ein gjeng og tok maxitaxi til ein “the west end” – der fant vi ein dritdårlig uteplass, tok ei øl før eg, Susanne, Ellen og Maria for til “The Family”. Der er det dresscode, men vi såg jo ganske pynta og bra ut alle sammen så slapp å tenke på det akkurat :p
Betalte 20 dollar for å komme inn, såg 2 dame med ståltruse som sto å sveiste på scena, gikk på do, gikk ut for Ellen hadde migrene og ville heime, fiksa taxi til ho før vi skulle inn igjen.
Når vi kom til køa fekk eg høyre at eg var for full til å få sleppe inn!!
Eg var langt i frå full, og fekk eigentleg sjokk. Maria prøvde å forsvare meg ved å sei at eg hadde drukke nåken drinkar, men var langt i frå full, og peika også på mine HØGE hælar.
Då fekk ho høre “- you’re getting aggresive…”
Det var ho absolutt ikkje, men vi BLEI jo selvfølgelig det når han var så forbanna IDIOT. Er det mulig?! Fuck the family!!!!
Så vi stakk berre heim å la oss, sure som vi var, mildt sagt.

I dag søndag sov vi kjempelenge og eg har blogga litt for lenge.
Som sagt ei lang og slitsom veke, så i dag skal vi berre slappe av, kvile dei slitne føtene våra og lade opp batteria til neste veke.
Då er det “study-week” for  min del, har SÅ mykje å gjer
på SÅ kort tid. What to do?

Legg med nokre bilder frå whale watching. Har ikkje tatt så mykje bilder denne veka for kamera mitt har våre på rensing,
hadde så mykje støv og drit inne i kamera etter 3 år.

 

See ya!

4 kommentarer:

Malin sa...

Høres ut som du he det kjekt :)
Stilig at du he laga til album da!
Klem

Ingelin sa...

For ei herlig veke :D
Btw; det e omvendt i australia - gutta sleppe unda alle problem på uteplassane. Dei kan for eksempel komme inn uten leg, mens jente MÅ ha pass/18+card. So dåkke kjeme til å oppleve lignande fleire gonga ;p
Ej e dritmisunnelig forresten, he reisefeber!!

tjommii sa...

Steik! Det e so mykje som e omvendt her i Australia - kjøre på feil side, førarsete på feil side, lysbrytaren feil vei osv..hehe :)

Byron bay i helga! Du med he vel våre der?:p

Ingelin sa...

He vore der to gonga.
Byron e på topp-ti lista mi. Der e so herlig! Prøv å få med dåkke bonfire ;) eller hopp i fallskjerm. so e der bra surfebølge. Vi sov på Backpackers In. Der kosta det 22 dollar natta, og der skjer det ting kvar einaste kveld ;)

Legg inn en kommentar