23 juli 2009

- We are family

I kveld når eg kom heim frå jobb fekk eg ein herlig overraskelse!
KVELDSMAT! Nysteikte brød, steikte egg og bacon å namnam!
Halleluja! Kan ikkje huske sist gong familien spiste kveldsmat i lag.
Alle styrer jo med sitt, så det blir ikkje "tid" til sånt lenger.


Ikkje akkurat sånn, men you get the picture..

Ellers så har vi våre på photoshoot i dag - familiebildet!
Vi hadde selvfølgelig med oss lisje Sheila (hunden vår),
som var forbløffande flink til å sitte i ro og "smile" til kamera,
virka i alle fall sann frå baksida :)
Så det blir spennande å sjå korleis bilda blir! Gler meg!

Så i dag har det altså våre family time.
Blir nok ei stund til neste gong.
Pappa fær på sjøen igjen i neste veke,
systra mi fær til USA i august for å gå på skule
og eg skal som sagt ta eit semester i Australia.

Ein må sette pris på dei stundene ein har ilag,
for det kan bli lenge til neste gong...
(ein klisje ja, men sånn er det faktisk)

God natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar