18 mai 2009

Anne Katt 1 år!

342 
For 1 år sidan i dag blei ein svart og skillpaddefarga ho-katt født.
Ho hadde store grøne auge og hadde langt hår. Sa ikkje så mykje.
Det vitest ikkje kor ho blei født eller kvar ho kjem frå.
Etter kvart som katten vaks og tida gjekk, blei ho klar for å flytte.
Men kun dagar etter at ho hadde flytta til sin nye heim, blei ho flytta igjen. Denne gongen på bordet til dyrlegen. 
“Eigaren” betalte for sprøyta å reiste derifrå.
Stakkars, åleine og redd satt den vesle katten på det skumle bordet å kika rundt seg. Ho visste ikkje kva som skulle skje,
men ho likte det ikkje.

341

Plutseleg kika to menneske med store auge inn døra,
på den vesle katten. Love at first sight!
Menneska vart så sjarmert av den vesle katten med dei store uskyldige augene, som satt der så ensom og åleine,
å venta på den skjebnesvangre sprøyta som skulle ende livet.

330

 
Den vesle katten blei straks tatt med heim til menneskas store glede! Den søte hunden som budde i huset var livredd for den lisje pusen, når dei møttest for første gong. Glede i huset!

036

 
Etter kvart som tida gjekk prøvde menneska å finne eit navn til den vesle katten, men det var liksom ingenting som passa til ho.
Men ein dag blei det lest i avisa om ein katt, som heitte Anne Katt.
Og det blei også navnet til den vesle katten.. Anne Katt. Perfekt!
Ho blei også kalt Anne, Anne Kå og Anne Katrine.

Og Anne Katt blei litt av ein karakter, hadde ei så morsom og herleg personlegheit.
Anne Katrine likte å sove på alle moglege plassar : på molda i blomsterpotta, i juletrede og i julepynt-boksa, i klesskap, under senga (der ingen kunne ta ho), i skitntøyskorga eller på skitne klede, alle bord, koffertar osv.

038

 
Anne Katt var óg over gjennomsnittet glad i vatn. Om det stod ei glas vatn på eit bord, kunne ein ikkje rekne med at det vi fekk vere i fred nei, vatn måtte ho ha, helst over alt. Det var det beste ho visste, i tillegg til torrfisk. Det brukte ho og hunden å kose seg med i lag når dei fekk. Ellers likte dei å bli mata med kattemat.

IMG_4859

  Om morgonane satt ho i vindauget og kika utover marka og ned til nabokattane, i håp om sjå noko spanande.
Når ho var ute likte ho å jakte på fluger og insekt, hoppa og sprang gjennom lufta. Anne Katt sov helst i dei blomsterbedda der det var mest “bark” og rosk, så ho blei ofte kalt “roskebytte(bøtte)”/juletreet, fordi ho var så full av rosk eller “pynt.

IMG_4237 
Forbilete hennar var den andre katten som budde i huset.
Ho var ei gammal, trøtt og til tider hissig dame. Men Anne Katt ville alltid vere med ho å gjer det ho gjor. På loftet brukte dei å leikesloss, sove, drikke vatn og klåre på sofaen, til menneskas store irritasjon.

IMG_4362


Anne Katt var veldig glad for at ho hadde fått slik ein fin heim,
å slapp å få ei sprøyte. Ho hadde så mykje ho ville gjere først. Ho ville bli ein betre jakta, leike med katten og honde, kosa med menneska, ete mykje god mat, sove, få nye venar osv.

Dette var litt om Anne Katt og det første året hennar.
Ho såg no fram til mange gode år med den kjære familien sin.

IMG_5200

GRATULERE MED DAGEN ANNE KATT!

4 kommentarer:

ella sa...

nåååh, så søøøte;)

Me, myself and I sa...

Kjempe søt :) Gratulerer med dagen Anne Katt. He he

Malin sa...

Blir litt rørt av historia om Anne Katt, hehe! Dokke e so søte so redda ho :)
Nydligaste auene!

tjommii sa...

Kunne ikkje gå frå ditta nydlige vesene der. So much joy :)

Legg inn en kommentar