08 mars 2009

Twilight

Då var denne veka også over. Og vi må snart starte på ei ny..     men først litt oppdatering frå helga.

Fredag hadde gruppa mi framføring av nettanalysa vi hadde gjort, som gikk ganske bra. Ellers hadde vi taco til middag og seinare rydda eg og mamma ut av skapet i gangen. Vi fant ut at vi skulle gi vekk ganske mykje, då det ikkje blir brukt. Det kjem nok mykje meir til nytte for nokon andre enn at det berre ligg å sleng i skapet. Så var det klart for fest! Forspel med Susanne og så var konsert på Rust. Og det var ein utruleg bra konsert, sjølv om eg ikkje fikk med meg alt, då eg hadde inntatt ein del flytande væske. Men alle var samde om at det hadde våre ein fin kveld!

Laurdag sov eg lenge og gjorde ingenting. Eg gikk ein tur med mamma, pappa og Sheila i vår-været, det var litt kaldt men det var deilig og lufte tankane litt og vere ute i det fri.

Søndag sov eg óg lenge. I dag var det på tide med ein ryddedag, så eg tok meg ein rask dusj før eg starta å rydde opp etter “Hurricane Iselin” som hadde herja på stova mi denne veka. Det tok si tid, men det blei ei ordnings med til slutt..:) Eg belønna meg sjølv med å endelig sjå “Twilight”. Herlig film med ein vakker vampyr. Eg har hørt det har våre mykje snakk om han, og no forstår eg kvifor utan at eg skal sei noko meir i fare for å hørest ut som ein fjortiss.

image

Nyt resten av kvelden og lykke til med ei ny veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar